mandag 29. oktober 2007

Endeleg framføring!

Då var nok eit kapittel avslutta, framføringa er i boks og det gjekk overraskande bra. Denne gongen hadde me sikra oss, ingenting skulle gå gale i dag. Me hadde med oss både pc, usb og dvd, så nå måtte det berre gå bra. Og heldigvis så var teknikken på vår side i dag. Det var godt å bli ferdig med framføringa, og alt i alt er me fornøgde. Sjølv om eg no i etterkant ser at det er mykje me kunne gjort annleis. Det er så mykje som virke så bra i teorien, men det er ikkje alltid det blir like bra i praksis. Men det viktigaste er ikkje å få alt rett første gongen, ein lærar mykje av sin feil, og det er ein viktig lærdom å ta med seg vidare i livet. Det var og kjekt å sjå Ina, Astrid og Camilla si framføring. Eg syns dei hadde laga ein veldig fin film, og det var kjekt å høyra om ein teori ingen andre hadde snakka om. Men alt var ikkje nytt, i og med at Dunn & Dunn har mykje tilfelles med Howard Gardner sin Multi intelligensteori.

Me hadde og ein oppsummering av alle dei ulike læringsteoriane i dag. Det var ein ganske grov oppsummering, og eg følte at me berre skumma fløyten. Men det var likevel nyttig, og av og til er det viktig å fokusera på dei store linjene og det å sjå samanhengar. Det er fort gjort å blanda samen dei ulike teoretikarane, så det var godt å få nokre stikkord til kvar av dei i dag. Då har ein nokre knaggar som ein kan hengja meir på etterkvart. I og med at me valde Vygotsky og Bruner sine læringsteoriar, følte eg sjølv at eg hadde best kontroll over det sosiokulturelle læringssynet.

Birgit og Gry presenterte og oppgåva i matematikk – pedagogikk for oss i dag. Dette virka som ei spennande, men krevjande oppgåva. Eg merke at eg gruar meg litt til å setja i gong, eg veit liksom ikkje heilt kor eg skal begynna, og eg veit ikkje om eg har heilt klart å bestemma meg for kva slags grunnsyn eg eigentleg har. Eg føler til tider at det skjer mykje på ein gong, og det er mange brikker som skal falla på plass litt for fort. Men det skal vel gå bra til slutt vil eg tru, ein må ikkje mista motet! Mange har klart det før oss, og mange skal klara det etter oss. For min del er det litt vanskeleg å finna motivasjonen, i og med at eg ikkje er sikker på om lærar er det rette yrket for meg. Men sånn er det nå berre, ein får berre prøva å gjera det beste ut av situasjonen.

tirsdag 23. oktober 2007

Den store dagen, framføring (22.10)

Då var nok ein pedagogikk time over, og det er på tide md blogging. I dag var dagen endeleg her, me skulle framføra gruppearbeidet som me har jobba med i 2 veker. Eg både gleda meg og grua meg til denne dagen. Det skulle bli spennande og sjå korleis dei andre gruppene hadde løyst det, og ikkje minst sjå kva tilbakemeldingar me sjølv fekk. Det var 6 grupper som skulle framføra før oss, alle frå a klassen. Etter 4 grupper hadde me ein liten pause, og det var då sanninga skulle komme fram… Me skulle teste at alt var ok før me skulle ha framføring, men då me skulle opna fila var det ikkje mykje der. Me fekk fram 3 bilde og 15 store raude kryss, veldig festlig. Spesielt sidan me ikkje hadde me noko annan enn usb brikka. Panikken begynte å ta oss, korleis skulle me løyse dette? Men heldigvis var Birgit veldig grei med oss, og me vart einig om at me skal framføra nesten måndag. Tusen takk for det, me skal klara å lagra filmen i rett format til då.

Men sjølv om det ikkje gjekk vår veg i dag, var det veldig mange andre som gjorde det veldig bra. Alle hadde tolka oppgåva på sin måte, og resultatet vart mange ulike framføringar. Nokon gjekk grundig inn i ein teori, medan andre hadde med dei viktigaste punkta frå fleire teoriar. Det er ganske fascinerande korleis ein teori kan tolkas på så mange ulike måtar. Eg syns det var ein lærerik dag, og me fekk etterkvart dei fleste teoriane inn med teskei. Eg lærte fleire ting, bl.a. fekk eg eit betre innblikk i korleis ein kan bruka dei ulike teoriane kontre i ein læringssituasjon (då mange av gruppene demonstrerte dei ulike teoriane ved hjelp av film og ulike situasjonar henta frå skulen). Eg fekk og gode tips til kva ein kan ha med i ei framføring og korleis ein kan gjera det, i tillegg fann eg ut kva som ikkje fungerer lika godt i ei framføring. Noko av det eg beit meg ekstra merke i var den eigenkomponerte songen til gruppe 1 i a-klassen og stumspillet/miminga til gruppe 5 i b-klassen, dette var litt annleis enn kva ein er vant med.

Men sjølv etter å ha sett 9 grupper framføra, og ein har fått dei fleste teoriane inn med teskei, er eg ennå ikkje heilt sikker på kor eg høyrer heime. Det er fleire teoriar med gode poeng, og eg ser fordelar og ulemper med dei alle. Eg trur aldri eg vil landa på berre ein, men med tid og stunder finn eg gjerna ein eller to som passar meg betre enn dei andre.

tirsdag 16. oktober 2007

O store gruppearbeid!!!

Ja nå har me jobba med gruppearbeidet i ei uka, og eg må seia at me har komt forholdsvis godt i gang. Heldigvis kom gruppa til enighet, og eg tror alle er like gira på det me har planlagt. Kva slags læringsteori me har valgt og korleis me skal framføra det vil eg ikkje røpa, ein får bare venta i spenning.

Eg syns det er veldig kjekt og lærerikt med gruppearbeid, og eg trur det er ein viktig arbeidsmetode. Me har hatt 3 møter allerede, 2 møter der me jobba med læringsteoriane generelt og prøvde å bli enige om ein metode. Mens me på mandag satt på HSH i Haugesund og arbeida med korleis me skulle laga framføringa. Nå er det meste planlagt, så i morgon blir den store ildprøven når teori skal settas ut i praksis, eg gleder meg til å se resultatet. Håper bare det ikkje blir total fiasko, men muligheten er der;)

Eg gleder meg veldig til å sjå korleis dei andre gruppene har løst oppgava. Eg har snakka med fleire grupper og det virke som ingen av oss har løst det på samme måte. Så dette tror eg blir bra.