torsdag 30. august 2007

Ein lærar eg hugsar godt!

Musikklæraren min

Me var begynt i 4.klasse og endelig sto musikk på timeplanen. Det var på tide å læra å spela blokkfløyte, læra noter og å synga. Dette var noko nytt og spennande, og me gleda oss alle til å møta læraren me skulle ha i musikk. Første time satt alle klare, og då dørene opna seg blei det heilt stille i rommet. Inn kom ein stor mann, i ført eit par blå bukser med bukseselar, ei rutete skjorte, hatt på hovudet, dokumentmappa i handa og ein mage som heldt på å falla ut av buksa. Lite hår hadde han og. Alle såg me forundra opp på han. ”Var dette han me skulle ha i musikk? ”, tenkte eg med meg sjølv. ”Ein mann med lite hår, masse rynker, stor mage og som lukta vondt? Han kunne vore bestefaren min.” Det var nok ikkje berre eg som var urolige for korleis detta skulle gå.

Timane gjekk og etterkvart skulle me begynna med blokkfløyta. Martin, som læraren heit, hadde si eiga fløyte, ei trefløyte. Den låt heller dårleg, og var sikkert frå før krigen. Av og til var det nokon som hadde gløymt si fløyte, men dette torde dei ikkje sei i frå om, for då måtte dei låna Martin si, ei fløyte som ikkje hadde vore vaska sidan me blei født, nei elles takk.

Martin elska opera, både å høyra på det og å synga sjølv. Kvar time begynte eller slutta med at han sto framme og song for oss av hjertets lyst, som oftast ” O’ sole mi o” som var yndlingsongen hans. Men det gjaldt å ikkje sitta for nærme, for då ville du få deg ein dusj. Når han snakka og song sto spruten, og det fløy langt og, 2-3 rader bakover, så ingen var i grunnen trygge. Han var ikkje av de meste oppdaterte når det kom til songtekstar, songane me lærte i timane var ”Eg heitar Håvard Hedde”, ”Eg er havren”, ”Anne Knudsdottir” og ”Vårsøg” for å nemna nokon.

Eg kjem nok aldri til å gløyma Martin, han er ein så original lærar at han sett seg i minne. Ein lærar etter den gamle skulen, der ein skulle synga og pugga salmar. Han burde nok godt av med pensjon eit par år tidligare, men det var ingenting vondt i mannen. Han var vel det me kan kalla ein ekte bygdeoriginal. Alle i bygda visste kven han var og særleg kjente ein bilen hans. Han hadde ein veteranbil som tydeligvis ikkje gjekk fortare enn 20 km i timen.

1 kommentar:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Det var med litt sånn "bittersweet" kjensle eg leste skildringa di av Martin. Det er ikkje alltid godt å vera i elevane sitt kritiske søkjelys, og "dommen" er ikkje alltid nådig. Men som du seier sjølv, det var ikkje noko vondt i han, og om ikkje anna så hadde de underhaldning i musikkfaget og fekk eit nært forhold til kulturarven i form av gode, gamle folkeviser. Skulen som arbeidsplass skal jo og ta vare på dei eldre lærarane som har gitt så mykje av seg sjølv gjennom eit langt liv, og som etterkvart gjerne vert litt "slitne" og "utdaterte", men er gode som gull..?

Birgit :-)