mandag 29. oktober 2007

Endeleg framføring!

Då var nok eit kapittel avslutta, framføringa er i boks og det gjekk overraskande bra. Denne gongen hadde me sikra oss, ingenting skulle gå gale i dag. Me hadde med oss både pc, usb og dvd, så nå måtte det berre gå bra. Og heldigvis så var teknikken på vår side i dag. Det var godt å bli ferdig med framføringa, og alt i alt er me fornøgde. Sjølv om eg no i etterkant ser at det er mykje me kunne gjort annleis. Det er så mykje som virke så bra i teorien, men det er ikkje alltid det blir like bra i praksis. Men det viktigaste er ikkje å få alt rett første gongen, ein lærar mykje av sin feil, og det er ein viktig lærdom å ta med seg vidare i livet. Det var og kjekt å sjå Ina, Astrid og Camilla si framføring. Eg syns dei hadde laga ein veldig fin film, og det var kjekt å høyra om ein teori ingen andre hadde snakka om. Men alt var ikkje nytt, i og med at Dunn & Dunn har mykje tilfelles med Howard Gardner sin Multi intelligensteori.

Me hadde og ein oppsummering av alle dei ulike læringsteoriane i dag. Det var ein ganske grov oppsummering, og eg følte at me berre skumma fløyten. Men det var likevel nyttig, og av og til er det viktig å fokusera på dei store linjene og det å sjå samanhengar. Det er fort gjort å blanda samen dei ulike teoretikarane, så det var godt å få nokre stikkord til kvar av dei i dag. Då har ein nokre knaggar som ein kan hengja meir på etterkvart. I og med at me valde Vygotsky og Bruner sine læringsteoriar, følte eg sjølv at eg hadde best kontroll over det sosiokulturelle læringssynet.

Birgit og Gry presenterte og oppgåva i matematikk – pedagogikk for oss i dag. Dette virka som ei spennande, men krevjande oppgåva. Eg merke at eg gruar meg litt til å setja i gong, eg veit liksom ikkje heilt kor eg skal begynna, og eg veit ikkje om eg har heilt klart å bestemma meg for kva slags grunnsyn eg eigentleg har. Eg føler til tider at det skjer mykje på ein gong, og det er mange brikker som skal falla på plass litt for fort. Men det skal vel gå bra til slutt vil eg tru, ein må ikkje mista motet! Mange har klart det før oss, og mange skal klara det etter oss. For min del er det litt vanskeleg å finna motivasjonen, i og med at eg ikkje er sikker på om lærar er det rette yrket for meg. Men sånn er det nå berre, ein får berre prøva å gjera det beste ut av situasjonen.

tirsdag 23. oktober 2007

Den store dagen, framføring (22.10)

Då var nok ein pedagogikk time over, og det er på tide md blogging. I dag var dagen endeleg her, me skulle framføra gruppearbeidet som me har jobba med i 2 veker. Eg både gleda meg og grua meg til denne dagen. Det skulle bli spennande og sjå korleis dei andre gruppene hadde løyst det, og ikkje minst sjå kva tilbakemeldingar me sjølv fekk. Det var 6 grupper som skulle framføra før oss, alle frå a klassen. Etter 4 grupper hadde me ein liten pause, og det var då sanninga skulle komme fram… Me skulle teste at alt var ok før me skulle ha framføring, men då me skulle opna fila var det ikkje mykje der. Me fekk fram 3 bilde og 15 store raude kryss, veldig festlig. Spesielt sidan me ikkje hadde me noko annan enn usb brikka. Panikken begynte å ta oss, korleis skulle me løyse dette? Men heldigvis var Birgit veldig grei med oss, og me vart einig om at me skal framføra nesten måndag. Tusen takk for det, me skal klara å lagra filmen i rett format til då.

Men sjølv om det ikkje gjekk vår veg i dag, var det veldig mange andre som gjorde det veldig bra. Alle hadde tolka oppgåva på sin måte, og resultatet vart mange ulike framføringar. Nokon gjekk grundig inn i ein teori, medan andre hadde med dei viktigaste punkta frå fleire teoriar. Det er ganske fascinerande korleis ein teori kan tolkas på så mange ulike måtar. Eg syns det var ein lærerik dag, og me fekk etterkvart dei fleste teoriane inn med teskei. Eg lærte fleire ting, bl.a. fekk eg eit betre innblikk i korleis ein kan bruka dei ulike teoriane kontre i ein læringssituasjon (då mange av gruppene demonstrerte dei ulike teoriane ved hjelp av film og ulike situasjonar henta frå skulen). Eg fekk og gode tips til kva ein kan ha med i ei framføring og korleis ein kan gjera det, i tillegg fann eg ut kva som ikkje fungerer lika godt i ei framføring. Noko av det eg beit meg ekstra merke i var den eigenkomponerte songen til gruppe 1 i a-klassen og stumspillet/miminga til gruppe 5 i b-klassen, dette var litt annleis enn kva ein er vant med.

Men sjølv etter å ha sett 9 grupper framføra, og ein har fått dei fleste teoriane inn med teskei, er eg ennå ikkje heilt sikker på kor eg høyrer heime. Det er fleire teoriar med gode poeng, og eg ser fordelar og ulemper med dei alle. Eg trur aldri eg vil landa på berre ein, men med tid og stunder finn eg gjerna ein eller to som passar meg betre enn dei andre.

tirsdag 16. oktober 2007

O store gruppearbeid!!!

Ja nå har me jobba med gruppearbeidet i ei uka, og eg må seia at me har komt forholdsvis godt i gang. Heldigvis kom gruppa til enighet, og eg tror alle er like gira på det me har planlagt. Kva slags læringsteori me har valgt og korleis me skal framføra det vil eg ikkje røpa, ein får bare venta i spenning.

Eg syns det er veldig kjekt og lærerikt med gruppearbeid, og eg trur det er ein viktig arbeidsmetode. Me har hatt 3 møter allerede, 2 møter der me jobba med læringsteoriane generelt og prøvde å bli enige om ein metode. Mens me på mandag satt på HSH i Haugesund og arbeida med korleis me skulle laga framføringa. Nå er det meste planlagt, så i morgon blir den store ildprøven når teori skal settas ut i praksis, eg gleder meg til å se resultatet. Håper bare det ikkje blir total fiasko, men muligheten er der;)

Eg gleder meg veldig til å sjå korleis dei andre gruppene har løst oppgava. Eg har snakka med fleire grupper og det virke som ingen av oss har løst det på samme måte. Så dette tror eg blir bra.

mandag 8. oktober 2007

Læringsteorier, hvem har rett?

Nå er vi i gang med vårt første store gruppearbeid. Jeg syns det var et spennende tema, men utrolig omfattende. Det er mange læringsteorier, og mange av dem har flere gode poeng, så det er ikke lett å finne ut hvor en hører hjemme. De fleste teoriene har jeg hatt om da jeg tok psykologi, men merker at de ligger litt langt bak, så er godt å få en oppfriskning. En får også et litt annet perspektiv på teoriene i en pedagogikkbok i forhold til i en psykologibok, og jeg leser det gjerne med andre briller på også.

Gruppa vår opplevd litt uenighet i dag, det var litt uenighet rundt hvordan vi skulle jobbe med oppgaven. Håper og tror at vi skal komme til enighet, og at alle blir fornøyd med resultatet til slutt. Er sunt med litt diskusjoner, viser bare at folk har meninger og bryr seg det.

Vi har fordelt teoretikerene mellom oss og skal hver for oss finne ut litt mer om dem. Det vi finner ut skal vi dele med de andre, og så får vi se om vi er enige med noen av disse teoretikerene. Det blir spennende å se om vi liker den samme eller om vi har helt forskjellige meninger. Jeg tror ikke det er noen enkel oppgave vi går i møte, det er mange vanskelig spørsmål som skal besvares feks hvordan jeg mener barn lærer, hvilket syn har jeg på kunnskap, hvordan undervise på best mulig måte i tråd med læringssynet, hvordan finne ut at elevene har lært det de skal, og hvordan motivere de? Mange viktige spørsmål uten noen fasitsvar, spennede og skummelt på en gang. Jeg gleder meg og veldig til å høre hva de andre i klassen kommer frem til.

søndag 7. oktober 2007

Arbeidsmetodar og leiing av basisgrupper

Måndag 1.oktober starta pedagogikk timen med at Birgit tok vennleg i mot oss med, ho handhelsa på kvar enkelt elev og inne i klasserommet hadde ho tent lys på kvar pult. Dette var ein god måte og starta dagen på, spesielt ein måndagsmorgon. Dei to første timane var satt av til gjennomgang av arbeidsmetodane me hadde jobba med. Det var mange ulike metodar, og det var spennande å høyra om dei ulike metodane. Dei fleste var kjente, men storyline og bifrost var heilt nye for min del. Det blir spennande og prøva dei ut i praksis ein gong, kanskje allereie om nokre veker?! Eg må vel innrømma at eg syns det blei litt mange framføringar, ein datt litt ut mot slutten. Og sidan dei fleste hadde jobba åleine, blei det ikkje så god flyt i framføringane. Det hadde gjerna vore betre om me hadde delt det litt opp, og gått gjennom litt færre metodar om gongen. Akkurat nå flyt dei ulike metodane litt om kvarandre oppi mitt hovud, så det er godt me skal få dei utlevert og!

I dei to siste timane hadde me om korleis ein kan leia basisgrupper. Eg beit meg særleg merke i detta med å vera ein tydeleg vaksen. Det trur eg er viktig. Ein skal ikkje vera ungane sin bestekamerat, og spesielt som nyutdanna ung lærar kan det gjerna bli eit problem. Ein vil gjerna at ungane skal lika ein, og då kan ein fort bli for mye kompis. Det er viktig og visa kor grensene går, og setta tydelege grenser, frå starten av. Ein må setta seg i respekt gjennom å vera tydeleg, men vennleg, gi klare beskjedar om kva ein forvent av elevane, stå for det ein seier, og vera konsekvent. Ein skal ha autoritet, men ikkje vera autoritær, som Birgit sa. Og med det meiner eg at ungane skal ha respekt for læraren sin, men dei skal ikkje frykta læraren. Ein skal ikkje vera ein diktator som berre køyrer på utan og ta omsyn. Det er noko eg syns er utrolig viktig, dersom ein har ein lærar med autoritet trur eg at ein får ein godt arbeidsmiljø. Gjensidig respekt er noko eg setter høgt.

Samfunnet er i stadig endring, og skulekvardagen har endra seg mykje berre sidan eg gjekk på skulen. Det blir viktigare og viktigare og følgja med på kva som skjer. Når me ein dag blir ferdigutdanna lærarar, er me ikkje ferdig utdanna. Ein lærer så lenge ein lever, og sjølv om ein har fått eit vitnemål som seiar at ein er allmennlærar, så vil ikkje det sei at ein ikkje treng læra meir, eller ikkje treng følgje med på kva som skjer. Ein må heile tida holde seg oppdatert på kva som skjer, og sjå på kva som røyrer seg der ute. Ein må vite kva ungane er opptekne av, kva interesser dei har. På den måten kan ein lettare byggja relasjonar til elevane, og gode relasjonar er viktig for å vera ein god autoritet og for å få eit godt klassemiljø. God rutinar og god struktur er og to viktig ting som bør vera på plass frå starten av.

Birgit snakka og litt om at god arkitektur gir god læring. Eg trur nok det er noko i det, men det er ikkje avgjerande trur eg. Då eg gjekk i 1.-3. klasse hadde me undervisning i ein 100 år gammal skule, er måtte me ut for å gå på toalettet og romma var gamle og slitte. Men eg likte meg utrolig godt der, skulen låg rett ved ein skog og den vart brukt utroleg mye i friminutta. Ein kunne og bruka den i undervisninga. Då eg begynte i 4.klasse flytta me inn i eit heilt nytt skulebygg, og sjølvsagt var det ekstra stas, men eg veit ikkje om læringsutbytt vart noko betre der!? Men sjølvsagt, ein fin skule gjer at trivselen aukar, og god trivsel er viktig for læringsutbytte og læringsmiljøet. Så at arkitektur er viktig tvilar eg ikkje på.

Eg likte godt oppskrifta på god læring, den skal eg ta med meg vidare og ha i bokhovudet når eg skal laga eit undervisningsopplegg.

Me hadde og litt om mobbing, og fekk blant anna sjå ein film som handla om ein gutt som hadde blitt kraftig mobba på skulen. Administrasjonen på skulen hadde etter mi formeining ikkje tatt skikkeleg tak i problemet, og hadde ikkje satt i gang dei store tiltaka for å betra situasjonen. Det gjekk så langt at eleven til slutt bytta skule, og om eg ikkje hugsar feil anmeldte saken. Det er heilt feil at nokon skal ha det sånn, at elevar blir slått og mishandla av medelevar (eller andre) både verbalt og fysisk.

På radioen tidligare i haust høyrte eg at de snakka om mobbing, og eg meiner å hugse at dei sa at så mange som over 35 000 elevar blir mobba på skulen. Eg trur nok at dette talet er ennå høgare, det er nok mange mørketal her. Samstundes er det gjerna elevar som seier at dei blir mobba når det berre er snakk om litt erting. Men uansett om det er mobbing eller erting, så er det i grunn like gale.

Olweus er eit prosjektet som blir brukt på mange av skulane i vårt distrikt. Dette er eit prosjekt som skal forhindre mobbing. Då me var på Skåredalen blei det lagt fram resultat frå ei spørjeundersøking som var gjort gjennom Olweus. Denne undersøkinga blei gjennomført kvart år, og ved hjelp av resultata kunne ein sjå korleis utviklinga var på skulen. Det viste seg at fleire elevar følte seg mobba på skulen, men eg syns det var litt vanskelig å få tak i et statistisk korrekt bilde. Men så lenge ein person blir mobba på ein skule, bør ein setja inn tiltak mot mobbing. Ein person, er ein for mykje. Eg syns det er bra at opplæringslova har fått eit eige kapittel mot mobbing, mobbelova kap 9a. Birgit hadde lagt ved ein link eller noko til ein film om Olweus, denne fekk eg ikkje opna, så får gjerna komma tilbake til den.

Eit godt læringsmiljø og klassemiljø kan vera ein faktor som forhindrar mobbing, og her vil læraren spilla ei sentral og viktig rolle. Ein lærar må kunne rosa og oppmuntra, og som Birgit påpeika så må rosen vera: begrunna, konkret, spontan, ærleg og relatert til noko klassen eller eleven tidlegare har utretta for at den skal ha noko for seg. Dersom læraren går foran som eit god forbilde og brukar ros på ein god måte, vil etterkvart elevane følgje etter trur eg.

Lp modellen er ein modell lærarane kan bruka for å møta dei ulike utfordringane ein møter i klasserommet, og den kan vera til hjelp for å få eit betre klassemiljø. Heile skulen må ta i bruk modellen for å oppnå suksess, og lærarane jobbar saman i grupper på 5-6 personar. I gruppene tar dei opp dei ulike utfordringane, reflekterer over og analyserer utfordringa, og prøver å finna ut kva faktorar som gjer at ein har ein vanskeleg situasjon. Når ein har dette klart for seg, kan ein
diskutera strategiar og tiltak som kan brukas for å løysa utfordringa/problemet. Så må ein prøve og gjennomføre det, og til slutt må ein vurdere heile situasjon(alle ledd). Det er viktig at ein går gjennom alle trinna i rett rekkjefølgje.

Analysemodellen

  1. Formulering av utfordringer,
  2. tema eller problemer
  3. Målformulering
  4. Innhenting av informasjon
  5. Analyse og refleksjon
  6. Strategi og tiltaksdel
  7. Utvikling av strategier og tiltak
  8. Gjennomføring av valgte strategier
  9. Evaluering
  10. Revidering
Eg syntes dette høyrtes ut som ein spennande måte å arbeida på, og eg trur at dersom ein får alle med på det vil det hjelpa. Det er som oftast betre å jobba i team enn åleine, for 6 hovuder tenkjer betre enn eit!

torsdag 4. oktober 2007

Elevbedrift

Eg trekte som sagt elevbedrift, og skulle dermed gå nærmare innpå denne arbeidsmetoden. Elevbedrift tykkjer eg er ein spennandes arbeidsmetode, det ein form for tverrfaglig prosjekt og ein får dermed knytta inn veldig mange fag. Elevbedrift eller entreprenørskap som det og kallast er ein arbeidsmåte der eleven teoretisk og praktisk lærar samarbeid, likestilling, demokrati, bruk av lokale ressursar og å ta ansvar. Det er ein arbeidsmetode som gir eleven mykje fridom, og som lærar dei å ta ansvar for eigne handlingar og dei lærar konsekvensen av ulike handlingar og val. Lokalsamfunnet er sentral i arbeidet med elevbedrift, og elevbedrift kan vera med på å skapa større interesse for kva som finnes i nærleiken.

Elevane får prøvd seg innan mange fagområde under arbeidet med elevbedrift, og ein kan tilpassa undervisninga. Ulemper med elevbedrift er at det gjerna tar mykje tid og krev ein del ressursar. Det er ikkje eit prosjekt som er over på to timar. Men eg trur at elevane har eit stort læringsutbytte av å utvikla, driva og avvikla ei elevbedrift. Det er viktig for sosialiseringa og sjølvstendigheita til elevane. Dei får og ein smak på det verkelege arbeidslivet gjennom ei elevbedrift, og får eit innblikk i korleis den ”verkelege” verden fungerer utanfor skulen. Mange lærarar er gjerna litt negative til elevbedrift og trur at det tar alt for mykje tid og krev alt for mykje arbeid. Men det er det du gjer det til sjølv, og alle bedrifter trenge ikkje vera lika store og krevjande. Eg håpar eg får moglegheita til å prøva ut elevbedrift ein gong.

Pedagogikk, didaktikk og dikkedikk

Måndag 24. september hadde me ei førelesning som gjekk litt grundigare inn på kva didaktikk er, og me gjekk gjennom LK-06 sin generelle del.

Didaktikk definerast gjerne som læra om oppdraging og undervisning, og kommer av det greske ordet didaskein. Spørsmål som er sentrale i didaktikk er kva skal elevane læra, kvifor skal dei læra det og korleis. Det er læraren si stor utfordring og finna svar på alle desse spørsmåla. For ein må ha ein grunn for alt ein gjer, og ein må kunna forsvara det og stå for det. Ein kan sei at didaktikk har tre trinn; planlegging, gjennomføring og vurdering. Alle trinna er i grunnen like viktige, spesielt det og vurdera er eit trinn som fort blir hoppa over, men eg meiner at det er eit like viktig trinn som planlegging og gjennomføring. For å kunne bli betre må ein vera kritisk og vurdera seg sjølv; kva kunne eg ha gjort annleis, kva var bra og kva var dårleg, var det noko som fungerte betre enn noko anna osv.

Lærarrolla er og så mykje meir enn berre å undervisa. Dersom ein ikkje har respekt for elevane sine og berre ser på dei som objekt ein skal fylla kunnskap på, kommer ein ikkje langt. Ein lærar må få elevane sine til å føla seg verdsett, forstått, ønska, visa dei omsorg, respekt og gi dei kjensle av at nokon er glad i dei.

Mange meiner det er for mykje ”dikking” i den norske skulen, at dagens skule er for lite streng og for mykje lek. Eg veit ikkje om eg er heilt einig i dette. Lek er på mange måtar viktig for å få eit godt læringsmiljø. Når elevane kjenner seg trygge på læraren og medelevane kan det gjerna gi eit betre miljø for læring, og denne tryggleiken kan ein oppnå gjennom lek. Det er og viktig å trivas godt på skulen, og dersom ein aldri har lek og liknadene er det gjerna mange elevar som vil mistrivas. Eg meiner og at lek er spesielt viktig dei fyrste skuleåra, dersom det ikkje hadde vore nokon form for lek i 1.klasse ville det for mange blitt ein alt for brå overgang frå barnehagen. Og mange ville gjerna falt litt av allereie i 1.klasse. Men det er viktig å vera innforstått med at lek ikkje er det mest sentrale i skulekvardagen, og hugse på at det viktigaste er læring. Men er det slik at ein ikkje lærer noko gjennom lek? Er det berre gjennom pugging, stillelesing, og tavleundervisning at ein lærar noko?

Me snakka og om LK-06, spesielt den generelle delen. Men Birgit gjekk og innpå noko av det som var bakgrunnen for LK-06, og her snakka ho spesielt om to store forskingsprosjekt som var utgangspunkt for læreplanen, PISA og TIMMS. Det var veldig interessant og høyra om desse, særleg sidan dei er internasjonale og dermed gir eit inntrykk av kor Noreg ligger på verdsbasis. For fyrste gong er det og laga ein læreplan som omfattar eit 13-årig løp, det er gjerna ei utfordring for mange, og det vert spennande og sjå korleis det vil gå.

Dei to siste timane skulle me ha om den generelle læreplanen, først hadde me ein kort gruppearbeid der me skulle sjå på dei ulike mennesketypane, og oppsummera dei. Eg syntes me fekk litt lita tid til å gå skikkeleg grundig til verks, og skulle gjerna ha hatt litt meir tid før me skulle gå gjennom dei. Men me får vera fornøgd med den tida me fekk tildelt. Alle mennesketypane er veldig omfattande og det er mykje å ta tak i. Og det må vera vanskeleg for ein lærar å ha alle desse typane i bakhovudet når ein legg opp undervisninga. Ein skal leggje opp undervisninga slik at alle mennesketypar for tilfredsstilt sine krav, både det meiningssøkjande, skapande, arbeidande, allmenndannande, samarbeidande, miljøbevisste og integrerte menneske skal hugsas på. Det vert litt av ei oppgåve trur eg.

Heilt til slutt fekk me i oppgåve og trekka ein lapp, på den sto det ein metode som me skulle jobba med og framføra neste måndag. Eg trakk elevbedrift!

Observasjonspraksis veke 38

Då praksisveka starta var eg ved godt mot, dette skulle bli kjekt. Eg var litt usikker på detta med og observera einaste. Det var noko nytt for meg, og eg følte at me hadde fått ein god innføring i kva observasjon var, men eg følte meg ikkje like sikker på korleis eg skulle tatt fatt på det. Korleis skulle eg avgrensa meg, kva skulle eg observera heilt konkret, korleis skulle det føras, kven skulle eg skrive for? Praksismappe, kva er det, korleis skal den lagas, kva skal væra med, kor skal han leggjas ut? Mange spørsmål dukka opp i hovudet allereie den første dagen, og fleire blei det utover veka. Eg prøvde å forhøyre meg litt med dei andre i klassen og med praksislærarane, men ingen kunne gi meg gode svar. Det virka som om dette var den store frustrasjonen for fleire enn meg.

Men eg gjorde nå eit forsøk, og observerte klassen, klasserommet, enkeltelevar, samlingsstund, tur, stasjonsarbeidet og arbeidsplan for å nemna noko. Etterkvart gjekk det greiare. Det var veldig kjekt å ha observasjonsloggen i etter tid, og det var først et par dagar seinare at eg verkeleg såg nytten av han. For når eg skulle tenkja tilbake på kva som hadde skjedd dei ulike dagane og liknande var det mykje som var gløymt. Då var det godt å kunna sjå tilbake på loggen.

Praksislæraren vår syns og det var spennande å lesa loggane våre. På den måten fekk ho eit nytt perspektiv på dagane og klassen. Fleire av oss hadde for eksempel skrevet at klassen hadde vore uroleg og snakka i munnen på ho, dette var noko ho ikkje hadde tenkt over eller lagt merke til. Me hadde og hatt betre tid til å observera enkelte elevar, og dette syntes ho var interessant.

Observasjon er ein veldig viktig arbeidsmetode, via observasjon får ein med seg mykje som fort går ein hus forbi til vanleg. Ein kan plukke opp mykje ved og observera ein elev 15 minutt for eksempel. Dersom ein elev for eksempel lager mykje uro i ein klasse, får ofte læraren berre med seg at denne eleven lager uro. Men dersom ein set seg ned og observere eleven ein heil time, kan ein gjerna finna ut kvifor denne eleven lager mykje uro. Veldig ofte ligg det meir til grunne enn det ein ser med eit augekast.

Me fekk ikkje så god tid til å observera barna i andre settingar enn skulearbeid, så det eg fann ut under observasjonsveka var meir korleis klassen var, korleis dei jobba med skulearbeid, arbeidsmetodar dei brukte og liknande. Eg konsentrerte meg mest om å finna ut ting som vil væra relevante når eg sjølv skal ut og ha praksis i denne klassen.

Eg syntes det var veldig kjekt i praksis. Det var spennande og sjå korleis læraren løyste ulike oppgåver og korleis elevane i dag arbeider. Dei bruker mange arbeidsmetodar som eg aldri har brukt. Eg gler meg veldig til me sjølv skal ut og prøva oss som lærarar.