Måndag 25.11 skulle heile klassen gå på tur. Planen var eigentleg å gå opp Kattanakken, eit høgt fjell på Stord. Men på grunn av snø, vind og kaldt vær laurdag og søndag måtte me ta i bruk plan B. Plan B var å gå ei 6 km løype i nærleiken av heimstaden til Birgit, deretter var det kos og fagleg refleksjon over praksis heime hos Birgit. Då me køyrte frå Haugesund såg eg svart på det å gå tur, det hagla og blåste godt. Men etterkvart som me nærma oss Stord stilna stormen og sola titta fram. Så det vart ein flott tur, sjølv om eg hadde kledd meg alt for godt. Turen enda heima hos Birgit. Ho var gjestfri og tok i mot ca 30 slitne, varme, våte og fornøgde lærarstudentar. Her fekk me servert nysteikte vaflar og praten gjekk om både faglege og ikkje fullt så faglege tema.
Men me fekk reflektert litt over praksis, og eg syns det er spennande å høyra korleis andre har hatt det. Spesielt interessant er det å høyra korleis dei har hatt det på Langeland, og det var ganske utroleg å høyra at dei som hadde vore i 4.klasse på Langeland hadde hatt dei same emna som oss i både norsk og KRL. Og me hadde til og med klart å laga eit ganske likt opplegg i KRL, det visar at me har gått den same skulen;)
Me fekk og lov til å ha klassens time heime hos Birgit, her snakka me litt meir om erfaringane i forhold til førebuinga til praksis.
Alt i alt var det ein flott dag, og det er godt å få ein litt annleis vri på skuledagen. Ein fin måte å bli meir samansveisa på! Så takk til Birgit som kom på det gode forslaget om å gå tur, og ikkje minst for at ho var så gjestfri og opna opp heimen sin for oss.
2 kommentarer:
Heilt ening med deg i at det var veldig kjekt å høyra korleis dei på Langeland hadde hatt det i praksis, og ikkje minst å bli litt meir kjendt med dei. Flott av Birgit å opna dørene for oss.
Elles så trur eg og me er på sporet av noko, og snart er det jul:-)
Eg og er heilt enig at Birgit var veldig kjekk når hun slapp oss inn til henne denne dagen:)
Legg inn en kommentar