Didaktikk definerast gjerne som læra om oppdraging og undervisning, og kommer av det greske ordet didaskein. Spørsmål som er sentrale i didaktikk er kva skal elevane læra, kvifor skal dei læra det og korleis. Det er læraren si stor utfordring og finna svar på alle desse spørsmåla. For ein må ha ein grunn for alt ein gjer, og ein må kunna forsvara det og stå for det. Ein kan sei at didaktikk har tre trinn; planlegging, gjennomføring og vurdering. Alle trinna er i grunnen like viktige, spesielt det og vurdera er eit trinn som fort blir hoppa over, men eg meiner at det er eit like viktig trinn som planlegging og gjennomføring. For å kunne bli betre må ein vera kritisk og vurdera seg sjølv; kva kunne eg ha gjort annleis, kva var bra og kva var dårleg, var det noko som fungerte betre enn noko anna osv.
Lærarrolla er og så mykje meir enn berre å undervisa. Dersom ein ikkje har respekt for elevane sine og berre ser på dei som objekt ein skal fylla kunnskap på, kommer ein ikkje langt. Ein lærar må få elevane sine til å føla seg verdsett, forstått, ønska, visa dei omsorg, respekt og gi dei kjensle av at nokon er glad i dei.
Mange meiner det er for mykje ”dikking” i den norske skulen, at dagens skule er for lite streng og for mykje lek. Eg veit ikkje om eg er heilt einig i dette. Lek er på mange måtar viktig for å få eit godt læringsmiljø. Når elevane kjenner seg trygge på læraren og medelevane kan det gjerna gi eit betre miljø for læring, og denne tryggleiken kan ein oppnå gjennom lek. Det er og viktig å trivas godt på skulen, og dersom ein aldri har lek og liknadene er det gjerna mange elevar som vil mistrivas. Eg meiner og at lek er spesielt viktig dei fyrste skuleåra, dersom det ikkje hadde vore nokon form for lek i 1.klasse ville det for mange blitt ein alt for brå overgang frå barnehagen. Og mange ville gjerna falt litt av allereie i 1.klasse. Men det er viktig å vera innforstått med at lek ikkje er det mest sentrale i skulekvardagen, og hugse på at det viktigaste er læring. Men er det slik at ein ikkje lærer noko gjennom lek? Er det berre gjennom pugging, stillelesing, og tavleundervisning at ein lærar noko?
Me snakka og om LK-06, spesielt den generelle delen. Men Birgit gjekk og innpå noko av det som var bakgrunnen for LK-06, og her snakka ho spesielt om to store forskingsprosjekt som var utgangspunkt for læreplanen, PISA og TIMMS. Det var veldig interessant og høyra om desse, særleg sidan dei er internasjonale og dermed gir eit inntrykk av kor Noreg ligger på verdsbasis. For fyrste gong er det og laga ein læreplan som omfattar eit 13-årig løp, det er gjerna ei utfordring for mange, og det vert spennande og sjå korleis det vil gå.
Dei to siste timane skulle me ha om den generelle læreplanen, først hadde me ein kort gruppearbeid der me skulle sjå på dei ulike mennesketypane, og oppsummera dei. Eg syntes me fekk litt lita tid til å gå skikkeleg grundig til verks, og skulle gjerna ha hatt litt meir tid før me skulle gå gjennom dei. Men me får vera fornøgd med den tida me fekk tildelt. Alle mennesketypane er veldig omfattande og det er mykje å ta tak i. Og det må vera vanskeleg for ein lærar å ha alle desse typane i bakhovudet når ein legg opp undervisninga. Ein skal leggje opp undervisninga slik at alle mennesketypar for tilfredsstilt sine krav, både det meiningssøkjande, skapande, arbeidande, allmenndannande, samarbeidande, miljøbevisste og integrerte menneske skal hugsas på. Det vert litt av ei oppgåve trur eg.
Heilt til slutt fekk me i oppgåve og trekka ein lapp, på den sto det ein metode som me skulle jobba med og framføra neste måndag. Eg trakk elevbedrift!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar