Då var nok eit kapittel avslutta, framføringa er i boks og det gjekk overraskande bra. Denne gongen hadde me sikra oss, ingenting skulle gå gale i dag. Me hadde med oss både pc, usb og dvd, så nå måtte det berre gå bra. Og heldigvis så var teknikken på vår side i dag. Det var godt å bli ferdig med framføringa, og alt i alt er me fornøgde. Sjølv om eg no i etterkant ser at det er mykje me kunne gjort annleis. Det er så mykje som virke så bra i teorien, men det er ikkje alltid det blir like bra i praksis. Men det viktigaste er ikkje å få alt rett første gongen, ein lærar mykje av sin feil, og det er ein viktig lærdom å ta med seg vidare i livet. Det var og kjekt å sjå Ina, Astrid og Camilla si framføring. Eg syns dei hadde laga ein veldig fin film, og det var kjekt å høyra om ein teori ingen andre hadde snakka om. Men alt var ikkje nytt, i og med at Dunn & Dunn har mykje tilfelles med Howard Gardner sin Multi intelligensteori.
Me hadde og ein oppsummering av alle dei ulike læringsteoriane i dag. Det var ein ganske grov oppsummering, og eg følte at me berre skumma fløyten. Men det var likevel nyttig, og av og til er det viktig å fokusera på dei store linjene og det å sjå samanhengar. Det er fort gjort å blanda samen dei ulike teoretikarane, så det var godt å få nokre stikkord til kvar av dei i dag. Då har ein nokre knaggar som ein kan hengja meir på etterkvart. I og med at me valde Vygotsky og Bruner sine læringsteoriar, følte eg sjølv at eg hadde best kontroll over det sosiokulturelle læringssynet.
Birgit og Gry presenterte og oppgåva i matematikk – pedagogikk for oss i dag. Dette virka som ei spennande, men krevjande oppgåva. Eg merke at eg gruar meg litt til å setja i gong, eg veit liksom ikkje heilt kor eg skal begynna, og eg veit ikkje om eg har heilt klart å bestemma meg for kva slags grunnsyn eg eigentleg har. Eg føler til tider at det skjer mykje på ein gong, og det er mange brikker som skal falla på plass litt for fort. Men det skal vel gå bra til slutt vil eg tru, ein må ikkje mista motet! Mange har klart det før oss, og mange skal klara det etter oss. For min del er det litt vanskeleg å finna motivasjonen, i og med at eg ikkje er sikker på om lærar er det rette yrket for meg. Men sånn er det nå berre, ein får berre prøva å gjera det beste ut av situasjonen.
2 kommentarer:
Hei, Hilde Marie...
Berre ein kommentar til oppsummeringa: Det ligg eit meir fyldig notat i mappa frå dagen i dag, og så kan eg jo nemna at både Vygotsky, Bakhtin og Bruner er plassert innunder det sosiokulturelle læringssynet... Lukke til med oppgåva!
Birgit :-)
Hei
Ja det var kjempe bra film,litt mykje papirfly kanskje?!:)
Ja så var det neste oppgåve..
Det går slag i slag nå,det gjeld som du seier å ikkje mista motet og å henga med i svingane.Lukke til med praksis oppgåva.
Klart det er lærar du skal bli!!
Heidi
Legg inn en kommentar