Då var nok ein pedagogikk time over, og det er på tide md blogging. I dag var dagen endeleg her, me skulle framføra gruppearbeidet som me har jobba med i 2 veker. Eg både gleda meg og grua meg til denne dagen. Det skulle bli spennande og sjå korleis dei andre gruppene hadde løyst det, og ikkje minst sjå kva tilbakemeldingar me sjølv fekk. Det var 6 grupper som skulle framføra før oss, alle frå a klassen. Etter 4 grupper hadde me ein liten pause, og det var då sanninga skulle komme fram… Me skulle teste at alt var ok før me skulle ha framføring, men då me skulle opna fila var det ikkje mykje der. Me fekk fram 3 bilde og 15 store raude kryss, veldig festlig. Spesielt sidan me ikkje hadde me noko annan enn usb brikka. Panikken begynte å ta oss, korleis skulle me løyse dette? Men heldigvis var Birgit veldig grei med oss, og me vart einig om at me skal framføra nesten måndag. Tusen takk for det, me skal klara å lagra filmen i rett format til då.
Men sjølv om det ikkje gjekk vår veg i dag, var det veldig mange andre som gjorde det veldig bra. Alle hadde tolka oppgåva på sin måte, og resultatet vart mange ulike framføringar. Nokon gjekk grundig inn i ein teori, medan andre hadde med dei viktigaste punkta frå fleire teoriar. Det er ganske fascinerande korleis ein teori kan tolkas på så mange ulike måtar. Eg syns det var ein lærerik dag, og me fekk etterkvart dei fleste teoriane inn med teskei. Eg lærte fleire ting, bl.a. fekk eg eit betre innblikk i korleis ein kan bruka dei ulike teoriane kontre i ein læringssituasjon (då mange av gruppene demonstrerte dei ulike teoriane ved hjelp av film og ulike situasjonar henta frå skulen). Eg fekk og gode tips til kva ein kan ha med i ei framføring og korleis ein kan gjera det, i tillegg fann eg ut kva som ikkje fungerer lika godt i ei framføring. Noko av det eg beit meg ekstra merke i var den eigenkomponerte songen til gruppe 1 i a-klassen og stumspillet/miminga til gruppe 5 i b-klassen, dette var litt annleis enn kva ein er vant med.
Men sjølv etter å ha sett 9 grupper framføra, og ein har fått dei fleste teoriane inn med teskei, er eg ennå ikkje heilt sikker på kor eg høyrer heime. Det er fleire teoriar med gode poeng, og eg ser fordelar og ulemper med dei alle. Eg trur aldri eg vil landa på berre ein, men med tid og stunder finn eg gjerna ein eller to som passar meg betre enn dei andre.
1 kommentar:
Hei
Så synd det var med framføringa dykkar,men så har me noko å gleda oss til:)
Heilt enig at dette var ei lærerik økt og me fekk teoriane inn med te-skei.Noko å hugse på når me sjølv skal lære frå oss noko ein gong! For nå har du vel bestemt deg for lærar?!Det er jo så gøy!
Tvi tvi med framføringa på mandag, går nok bra det.
Heidi
Legg inn en kommentar