Eg trekte som sagt elevbedrift, og skulle dermed gå nærmare innpå denne arbeidsmetoden. Elevbedrift tykkjer eg er ein spennandes arbeidsmetode, det ein form for tverrfaglig prosjekt og ein får dermed knytta inn veldig mange fag. Elevbedrift eller entreprenørskap som det og kallast er ein arbeidsmåte der eleven teoretisk og praktisk lærar samarbeid, likestilling, demokrati, bruk av lokale ressursar og å ta ansvar. Det er ein arbeidsmetode som gir eleven mykje fridom, og som lærar dei å ta ansvar for eigne handlingar og dei lærar konsekvensen av ulike handlingar og val. Lokalsamfunnet er sentral i arbeidet med elevbedrift, og elevbedrift kan vera med på å skapa større interesse for kva som finnes i nærleiken.
Elevane får prøvd seg innan mange fagområde under arbeidet med elevbedrift, og ein kan tilpassa undervisninga. Ulemper med elevbedrift er at det gjerna tar mykje tid og krev ein del ressursar. Det er ikkje eit prosjekt som er over på to timar. Men eg trur at elevane har eit stort læringsutbytte av å utvikla, driva og avvikla ei elevbedrift. Det er viktig for sosialiseringa og sjølvstendigheita til elevane. Dei får og ein smak på det verkelege arbeidslivet gjennom ei elevbedrift, og får eit innblikk i korleis den ”verkelege” verden fungerer utanfor skulen. Mange lærarar er gjerna litt negative til elevbedrift og trur at det tar alt for mykje tid og krev alt for mykje arbeid. Men det er det du gjer det til sjølv, og alle bedrifter trenge ikkje vera lika store og krevjande. Eg håpar eg får moglegheita til å prøva ut elevbedrift ein gong.
1 kommentar:
Hei
Eg synes også dette verkar som ein spanande arbeidsmetode.Skal bli kjekt å få hefte med dei ulike arb.metodane.Kanskje me får prøvd nokon i praksis.
Ja hold deg til lærar yrket så får du heilt sikkert prøvd ut elevbedrift før eller seinare:)
Heidi
Legg inn en kommentar