torsdag 4. oktober 2007

Observasjonspraksis veke 38

Då praksisveka starta var eg ved godt mot, dette skulle bli kjekt. Eg var litt usikker på detta med og observera einaste. Det var noko nytt for meg, og eg følte at me hadde fått ein god innføring i kva observasjon var, men eg følte meg ikkje like sikker på korleis eg skulle tatt fatt på det. Korleis skulle eg avgrensa meg, kva skulle eg observera heilt konkret, korleis skulle det føras, kven skulle eg skrive for? Praksismappe, kva er det, korleis skal den lagas, kva skal væra med, kor skal han leggjas ut? Mange spørsmål dukka opp i hovudet allereie den første dagen, og fleire blei det utover veka. Eg prøvde å forhøyre meg litt med dei andre i klassen og med praksislærarane, men ingen kunne gi meg gode svar. Det virka som om dette var den store frustrasjonen for fleire enn meg.

Men eg gjorde nå eit forsøk, og observerte klassen, klasserommet, enkeltelevar, samlingsstund, tur, stasjonsarbeidet og arbeidsplan for å nemna noko. Etterkvart gjekk det greiare. Det var veldig kjekt å ha observasjonsloggen i etter tid, og det var først et par dagar seinare at eg verkeleg såg nytten av han. For når eg skulle tenkja tilbake på kva som hadde skjedd dei ulike dagane og liknande var det mykje som var gløymt. Då var det godt å kunna sjå tilbake på loggen.

Praksislæraren vår syns og det var spennande å lesa loggane våre. På den måten fekk ho eit nytt perspektiv på dagane og klassen. Fleire av oss hadde for eksempel skrevet at klassen hadde vore uroleg og snakka i munnen på ho, dette var noko ho ikkje hadde tenkt over eller lagt merke til. Me hadde og hatt betre tid til å observera enkelte elevar, og dette syntes ho var interessant.

Observasjon er ein veldig viktig arbeidsmetode, via observasjon får ein med seg mykje som fort går ein hus forbi til vanleg. Ein kan plukke opp mykje ved og observera ein elev 15 minutt for eksempel. Dersom ein elev for eksempel lager mykje uro i ein klasse, får ofte læraren berre med seg at denne eleven lager uro. Men dersom ein set seg ned og observere eleven ein heil time, kan ein gjerna finna ut kvifor denne eleven lager mykje uro. Veldig ofte ligg det meir til grunne enn det ein ser med eit augekast.

Me fekk ikkje så god tid til å observera barna i andre settingar enn skulearbeid, så det eg fann ut under observasjonsveka var meir korleis klassen var, korleis dei jobba med skulearbeid, arbeidsmetodar dei brukte og liknande. Eg konsentrerte meg mest om å finna ut ting som vil væra relevante når eg sjølv skal ut og ha praksis i denne klassen.

Eg syntes det var veldig kjekt i praksis. Det var spennande og sjå korleis læraren løyste ulike oppgåver og korleis elevane i dag arbeider. Dei bruker mange arbeidsmetodar som eg aldri har brukt. Eg gler meg veldig til me sjølv skal ut og prøva oss som lærarar.

1 kommentar:

heidi sa...

Hei
Så bra å høyra at loggskrivinga fungerte og var til nytte for deg.
Høyres ut som om du har notert flittig og fått observert ulike situasjonar og elevar.Kjekt å høyra at læraren og hadde nytte av loggskrivinga.Ja det viser at loggskriving kan vera nyttig både til det eine og andre.
Eg synes du skriv og reflekterer bra:)
Heidi